Politikk

Publisert på onsdag 28. august, 2013

0

UV svarer Hyperion

Hyperion vil høre med ungdomspartiene om hva moderpartiets kulturpolitikk er og har derfor sendt ut seks påstander for dem å svare på. Under kan du lese Sveinung Rotevatn, leder av Unge Venstre (UV), sitt svar på hva de og Venstre mener:

Ein liberal kulturpolitikk FTW

Takk for utfordringane!

Fantastiske fritidsinteresser utgjer ein stor del av barne- og ungdomskulturen, og har ein sjølvskriven plass i staten si støtte til kultur. For Venstre er ikkje det viktigaste om du vil lage ei bok, ein film eller eit dataspel. Det viktigaste er kvaliteten og mangfaldet, og støtteordningane må reflektere dette. Vi vil revidere kulturlova slik at ho sikrar fridom frå politisk styring, og sørgjer for eit breiare tilbod av stipendordningar for kulturprodusentar.

Venstre er opptekne av at informasjon skal vere open, gratis og tilgjengeleg for alle. Moderne bibliotek og eit fritt internett er grunnsteinar i eit liberalt samfunn. Venstre ynskjer å revidere biblioteka sine innkjøpsordningar, og rollespel vil vere ein naturleg nykomar i ordninga. Vi vil også sørgje for at ordningane inkluderer digitale plattformer som spel og E-bøker. I tillegg til dette må vi bygge høgfartsbreiband (200 Mbit/s) for framtida, som sikrar alle tilgang på informasjon og digital kultur. Vi må ha momsfritak på E-bøker, slik det i dag er på papirbøker. Ei bok er ei bok, anten du les ho på skjerm eller på papir.

eSport er på full frammarsj, og Venstre ser ingen grunn til at denne forma for konkurranseidrett skal prioriterast annleis enn andre idrettar. Vi må sørgje for at alle typar anlegg er berettiga til tilskot frå tippemidlane, uavhengig av idrett, og at alle får høve til å nytte idrettsanlegga. Lotteri- og Stiftelsestilsynet sine vurderinga av ei avgift på dataarrangement er tåpeleg, og vitnar om ein grunnleggjande mangel på forståing for eSport.

Venstre vil ikkje at tilskotet til ungdomsorganisasjonane skal vere avhengige av tipping, eller kor mykje ein får snike til seg gjennom grasrotandelen. Vi ynskjer å gje lag og foreiningar støtte over statsbudsjettet, og sjølvsagt fjerne ugraset i denne ordninga.

Sveinung Rotevatn,
leder av Unge Venstre



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Til toppen av siden ↑